Asle-Knut – Knut Aslesson Strand 1794—1881

Knut Aslesson Strand 1794—1881, Asle-Knut.
Foreldre: Asle Olsson Skottebøl søre Strand og Guri Larsdtr. Torkjellsgard Noss.
Gm Jørand Torsdtr. Bekkestad Strand 22.03. 1795—1881
Foreldre: Tor Knutsson Strand Bekkestad og Mari Mikkelsdtr. Underberget Bekkestad.
Asle-Knut var tambur i krigen 1807—14. Han skal ha vorte teken til fange og ført til Sverige. Asle-Knut var meisterspelemann, og var kjend for fint og lognt spel. Han kunne gå inn att or arbeidet for å spela ein lått, men han tok aldri del i kappspel. Om folk fekk han til å låte i eit lag, så tok han aldri spelepengar. I staden gav han gjerne pengane til brura. Knut kjøpte halve Aslegarden Strand hjå broren Ola i 1823 og den andre halvparten hjå Sevat Steingrimsson i 1836.

Ola Perstølen skriver i Gamle spelemenn i Hallingdal dette om Asle-Knut: «Knut Strand (Asle-Knut) hadde stor givnad som spelemann. Ingen kunne spela so vent som han. Han laga nye slaattar og sette nytt til gamle, som var for korte elder enkle. Han var soldat i 1808 og laag i lang tid i Sverike. Daa var det han hadde ovt seg so mest. Han tok aldri spelpengar og let difor sjeldan i samvære. Låt helst naar han vart halvfull i lag. Hadde svær hug til fela. Det hende, at han laut innatt or slaatteteigen aa spela. Men han hadde det visst med det, at det var synd, og difor vart han ikkje det, han kunde vorte».

Asle-Knut var tambur i krigen 1808-09. Han skal ha vorte teken til fange og ført til Sverige. Asle-Knut var meisterspelemann, og var kjend for fint og lognt spel. Han kunne gå inn att or arbeidet for å spela ein lått, men han tok aldri del i kappspel. Om folk fekk han til å låte i eit lag, så tok han aldri spelepengar. I staden gav han gjerne pengane til brura. Knut kjøpte halve Aslegarden Strand hjå broren Ola i 1823 og den andre halvparten hjå Sevat Steingrimsson i 1836.

Ola Perstølen skriver i Gamle spelemenn i Hallingdal dette om Asle-Knut: «Knut Strand (Asle-Knut) hadde stor givnad som spelemann. Ingen kunne spela so vent som han. Han laga nye slaattar og sette nytt til gamle, som var for korte elder enkle. Han var soldat i 1808 og laag i lang tid i Sverike. Daa var det han hadde ovt seg so mest. Han tok aldri spelpengar og let difor sjeldan i samvære. Låt helst naar han vart halvfull i lag. Hadde svær hug til fela. Det hende, at han laut innatt or slaatteteigen aa spela. Men han hadde det visst med det, at det var synd, og difor vart han ikkje det, han kunde vorte».

Herleik Kvanneberg fortel: «Den beste spelemannen i Hol i førre hundreåret var Skøren, Knut Knutson Skøro, f. 1822, son til Knut Helgeson Skøro, som var med i krigen 1807-14. (Hol I, s. 533.) Han var mykje brukt til å låte i samvære. Han var so mjuk i fingrane, han spelte so fint, men fekk likevel godt mål i fela. Mange av dei gamle spele mennene var so fæle til å bruke føtene og trødde takten so det smala. Det gjorde ikkje Skøren. Han sat still, han. Han lærde å spela av Asle-Knut på Strond i Al, dei var so gode vener. Den Stranda-ætta i Ål fostra mange gode spelemenn. «Asle-Knut låtta»svalla dei um, – dei voro bra (Hol -Reinton).

Kristen Svarteberg skriver: «Den tid Asle Øyno var på det beste, var det ingen som meistra han. Han spelte mykje på Drammensmarknaden. Men han hadde det med å laga låttane om etter sitt eige hovud. Asle-Knut likte ikkje spelet hans. Ein- gong Asle var på Strand og spelte, sa han, då han hadde spelt ein låt, at det visst felte eit vek. «Det er meir som felar der», svara han Asle- Knut (Ål bygdesoge bnd 2).

Det gir ingen mening å snakke om «Strandaspelet» eller Stranda-tradisjonen» i relasjon til arven etter Asle-Knut eller Asle Øino. Årsaken er at den slektningen som kunne bragt spelet direkte fra Asle-Knut, Asle Øino, ikke lærte låtter av Asle-Knut. Asle Øino er dermed ingen kilde til det gamle spelet etter Asle-Knut -han spilte dem uansett ikke riktig. Dette fremkommer i et brev fra Ola A Strand til Bjørndal i 1941. Verken Torleiv A eller Ola A Strand hadde låtter direkte fra verken Asle-Knut eller Asle Øino d.e., men lærte låtter etter dem begge fra Knut Skåro, Skåren, som hadde spel direkte fra Asle-Knut. Vi kjenner ikke til at noen andre enn Torleiv A og Ola A Strand lærte fra Skåren. En bør se Strand og Øino som individuelle spelemenn med hvert sitt særegne uttrykk -et uttrykk dog uten stilmessige fellesnevnerne.

Strand skriver om Asle-Knut i brev til Bjørndal 1941: «Jeg husker ham godt fra smaagutt-dagene, men han var for gammel til å spille, så jeg fikk ikke høre ham. Han skulle ha spilt usedvanlig mjukt, knotande og vrient. Han sluttet forøvrig allerede i sine beste aar. Grunnnen var at han hadde en datter som ble religiøs, og som fikk han til å slutte med felen. Etter ham kom Asle Vangen Øino. Han var bygdens solide lagsspelemann, indtil han blev gammel. Dessverre hadde han ikke hat evner nok til at opta noget av Asle- Knuts spil, enda han hadde saktens hat anledning dertil». Af en anden gammel mand, Holto-Knut, som levde paa Asle-Knuts tid, som hadde nogen af hans laatter i hovedet, men det var skralt med felelæte hans -han hjalp til med at synge, eller tralle dem -og paa den maate fikk vi vridd ut af ham en god springar». «Knut E. Strand (son til Eirik K. Skottebøl) ein som budde på Holtegarden (Strand) og gjekk under namnet «Holte- Knut” av di at fyrste kona hans var frå Holto”. Han slo rettig makelaust godt på trumma, bles fløyte og let lite på fel

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s