Knut Asleson Øino 1866—1945

Foreldre: Asle Larsson Øyno og Liv Olsdtr. UnderBerget (Leveld).
Gm Kari Aslesdtr. Tangeviken Øyno 03.01. 1872—1949. Foreldre: Asle Olsson Djupedokken Tangeviken og Birgit Olsdtr. Eivindsplass (Skurdalen). Knut og Kari gifte seg i 1894. Knut fekk auksjonsskøyte på Øyno for kr 1830 i 1891. Knut dreiv gråsteinsmuring på Bergensbanen ei tid, sidan vart det båtbygging. I 1908 skreiv Mehlum at Knut hadde bygt 279 båtar som var spreidde over heile Hallingdal. Det vart omlag 700 båtar frå hans hand. Han laga også likkister. Øyno-båtane kunne vera vanlege robåtar, eller det var større båtar til bruk under tømmerfløytinga, brotningsbåtar dei kalla. Ein Øyno-båt av denne typen vart brukt som ferje ved Liodden i Nes fram til brua kom i 1959. Båten vart rodd av to, og han frakta folk, krøter og køyretøy.

Knut var flink spelemann. Han brukte mykje dobbeltgrep på hardingfela, hadde lært mykje hjå far sin, men hadde også sitt eige spel. Et bilde i Ål bygdearkiv viser Oleiv, Ola og Lina Lein fra Hol. Biletet er ein del tå samlinga til Olav Oppsato og Sigbjørn Tormodsgard. Spelemannen Ola Lein, Leinen, var født i 1845 og han gikk bort i 1919. Mor hans var Anne Olsdtr. Dengerud Lein, 1812—1893. Ola var spelemann og netvindar, Låtten “Leinen” til Øvrevollseie stammer frå han. Lars Reinton fortel i Folk og fortid i Hol om korleis spelemannen Herleik Kvanneberg fikk seg fele tå Leinen. «Den fyrste fela han hadde, gjorde han sjølv, av ei fjøl som han sette strenger på. Når han sette ho inn til klokkekassa og strauk på ho, song det so det runde. Far hans gøymde fela for han, men han fann ho att. Då knuste faren ho mot ein vegg. Mange år etter fekk Helleik eit trekkspel. Og det var ikkje so gale å spela på. Han spelte endå til dans på det. Men so hende det at han hadde ei kyr ute på leige hjå Leina, og Leinen vart skuldig honom eit pund smør. «Du kann få fela», sa Leinen. Og då vart det speling! Det var ei god fele. Knut (Øino), son hans Asle Vangen (Asle Øino d.e.), hadde gjort ho. Låttane lærde han tå Brøta (Brøta-Per/Bråta-Per?) og Skøra (Knut Skøro/Skåren), men og mange av dei som let med kjafte. – Helleik dyrka mest musikken berre for musikken si skuld. Han laga slåttar og, soleis ein som han kalla ~Orrhanen. Det er ristetak og kuldringar i han, som du høyrer orrhanen. Han laga og ein lausslått, men han har ikkje noko namn».

Takket være denne lille detaljen i Folk og fortid i Hol vet vi at Knut Øino lagde feler. Sønnen til Ola A Strand, Asle Strand, skriver følgende om Knut Øino i Spelemannsbladet nr 5 1953: «Knut Aslesen Øino, sønn av Asle var også en meget god spelemann, men da han i motsetning til sin far var en i høy grad arbeidets mann vart han sig ikke i den grad spillemann som faren. Hans felesplil utmerket sig ved en fullkommen utførelse av slåttene og hans tonekunst med dobbelttoner var enestående, og er det beklageligste at hans personlige beskrivelse av felespillet ikke har fått noen avtagere. Det var almindelig og høre før festlige anledninger når det var spørsmal om å delta eller ikke at: «Ja, er det Knut som skal læte sa får vi gå. Når spelemenn ble diskutert ble det ofte uttalt at: «Jo den og den låter godt, men han Knut Øino er det no ikke da». Knut Øynos datter var gift med datteren til Olav Sataslåttens bror, Ola.

«Då vårflaumen i 1917 øydela dammen som Øyosmia hadde ved Geilo, vart det brukt båt for å koma inn til stova på øya ute i Opsjø. Under storflaumen i 1860 var øya heilt borte ei tid, og det var like nedanfor denne at Knut Øino fekk tak i Bjellamannen og berga han i land då han hadde vorti med ein tømmerflåte nedover fossane» (Ulshagen).

Knut skal ha hatt særdeles godt utvikla låtteformer, med et spel kjennetegna av avanserte dobbeltgrep. Han var bror til den mer kjente Ola A Øino (1861-1930), kjøpmann og spelemann på Sundre.

Olav Sataslåtten hadde en springar etter Knut Øino, som han spilte inn for NRK på Gjeldokk den 07. mars 1970.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s