Asle Øino

Asle Larsson Vangen Øyno 17.10. 1824—1907
Foreldre: Lars Aslesson Stave Vangen og Guri Aslesdtr. Strand. Gm Liv Olsdtr. Underberg Øyno 06.07. 1825—1896. Foreldre: Ola Levorsson og Liv Olsdtr. Underberg Leveld. Asle og Liv gifte seg i 1848. Liv vart kalla Rimejord-eie eller Reiersgards-eie i 1846. Asle var komen til Øyno før 1865. Skøyte på Øyno fekk han hjå mora i 1884 (med samtykke frå arvingane etter Knut Tufto). Store-Asle var ein stor spelemann. Han hadde for vane at det skulle ikkje takkast for spelpeng. Ein gong var det ein mann som gav han ein stor pengesetel for å prøve å få han til å takke. Då sa Asle: “For mykji e for mykji!” Asle gjekk til Telemark og kjøpte seg ei Helland-fele i 1861. Asle var ein mykje nytta spelemann. I Øyno brukte dei mykje båt sidan det ikkje var køyreveg på vestsida den tid. Asle var flink til å ro. Han fekk borgardådsmedaljen og 100 rd for tre gonger å ha redda folk frå drukning i elva under storflaumen i 1860. Asle starta opp båtbygging kring 1870. Ifylgje folketeljinga 1865 var det ingen båtbyggjarar i Hallingdal. Det var fire båtbyggjarar nede ved Drammen, og i Hordaland var det 130, med tyngdepunkt i Strandebarm, Jondalen og Kinsarvik. Asle kan ha gått i båtbyggjarlære, eller så har han teke ein båt som mal. I 1875 var han registrert som båtbyggjar (den einaste i Buskerud!). Sidan den tid har Øyno-båten vore eit kjent begrep. Asle skal ha vore av dei som kunne stemme blod. Økonomien var trong for Asle. Han var møllar også i 1891. Det ser ikkje ut til at båtbygginga gav særleg overskot dei fyrste åra. Etter fleire utpantingar vart Øyno seld på auksjon for kr 1850 i 1891.

Ola Perstølen skriver i artikkelen Gamle spelemenn i Hallingdal (Norsk folkekultur nr 1 1933) følgende om Asle Øyno: «Asle Øyno i Aal var betre spelemann og ogso meir vyrd;men han var leidare med flaska. Men han var flink aa spela, visst ein av dei beste som hev vore i Aal. Han kunde tena upp til 80 kr. i gjestebod stirne tid, og det var mykje i dei tider. Han hadde mange soner og døtrar. 3 av dei spela fele. Han sluta spela. men han heidt god greide paa kor slaattane skulde vera og retleidde gjerne, naar han høyrde dei spela gale».

Asle Strand skriver i et nummer av Spelemannsbladet:
Det verste som kunne hende Asle var når en eller annen av de som han kalte for «raklespelemenn» tillot sig å ta fela i en forsamling. «Deì kan låte heime», sa han, men inkje her, dei set felespeling ì varveg. Når Asle i et bryllup skulle ha mat og drikke, og det kunne være aktuelt med avløysnìng, passet han alltid på legge fela i skrinet med krokene på hvis det var «raklespelemenn tilstede og disse forstod da også meininga.

Men det var en som var nesten mer en god nok for Asle, nemlig Tollef Strand d.y. en ualmindelig god spelemann, sprek kar med egenskaper som tiltalte Asle. Hvis Tollef var tilstede passet Asle alltid på å levere fela til han og når han kom tilbake sat han gjerne en god stund og hørte med synlig velbehag på Tollef og smålo når Tollef innimellom i sitt kraftige spill kastet hodet bakover så den lange pannelugg blaffret. Asle bruka snus, tørket skråtobakk på en plate malte den i en messingrikke og fylte snusen over på et utskåret bukkehorn.

Asles spel hadde en bløt dyp tone såvel på de grove som granne strengene, med fengende rytme og ren vurdering av vek og overgonge i slåtten. Han kunne en mengde slåtter, men han gjorde sitt uvalg og mange av dem brukte han ikke. «En dårlig låt kan ikke spilles god, mente han og den skulle det ikke holdes liv i. Han mente også at man ikke skal forandre eller tilføye noe i en slått som man selv ikke har laget. Det er falskneri og det individuelle ved slåtten blir ødelagt mente han, men en spelemann kan sette et personlig preg på slåttene og berike den med tonekunst og teknikk. Det er bare en slått, en «halling», som vistnokk er av han selv, en fengende slått, men merkelig nokk lite brukt. Sataslåtten spelte den som gamal slått etter Asle Øino. Han var i likhet med de fleste «yrkesspelemenn, ingen avholdsmann men ingen kunne si å ha sett han «full»,. I bryllup måtte de steke flesk for at han kunne få fleskefett som han drakk for å holde brennevinrusen nede. Som nevnt var Asle på mange områder en personlighet utenom det almindelige. Han var en uvanleg modig kar med sann forakt for de han kaldte for reddharer og den tids kjempekarer som til eks. Torsheim Sagen -Tharsan og Svein Voss var da også hans kjæledegger og under deres «turneer kom de som oftest i Øino. «Det er bedre at de drikker opp brennevinet her enn på Sundre», sa han til kona når hun beklaget sig. Han tok gjerne imot raklespelemenn, når de korn hjem til han for muligens å lære noe av han. En slik ytret engang sin forundring over at Asle ville sitte å høre på at han spelte. men Asle svarte: Jeg lærer dig hvorledes du skal spille og du lærer mig hvorledes jeg ikke skal spille.» Asle redder i sin tid med visse mellomrom syv mennesker fra å drukne i Hallingelva og fikk Kongens fortjenestemedalje.

Han var ikke så lite av en «naturlæge, både for folk og dyr. At han kunne «dømme blodet», på folk var en uorntvlstezlg kjennsgjernjng Torsten Sagen ble stukket med kniv tvers gjennem låret, og holdt på å blø sig ihjel. Han ble i all hast kjørt til Øino hvor Asle stanset blodet på han. Siste gang han foretok dette var i —99. Hans svigersønn hugg sig meget stygt i foten og det stod om livet. Doktoren var bortreist. Han lå på gårdsplassen og blødde stygt. Da gjekk datter til Asle inn på låven hvor han stod og bygget på en båt, om litt korn han ut og Asle ble stående en stund helt stille på låvetrappen. Han var hvit i ansiktet med kjævene hårdt sammenknepet. Plutselig falt svigersonne sammen i uvet, Asle kom bort til han og tok bandasjen av. Såret lå da åpent og lyst uten en bloddråpe. Ja, jeg tenkte mig at det ville gå slik», sa datteren.

På Asles tid var den kjempekjende Kjelstrup prest på Ål. Han hadde det med å gi skarpe avstraffelser hvis han fant det på sin plass. Et bevis her på kan nevnes: En søndag og da han var ferdig med messen og kom ut på kirkebakken stod der blandt mange andre en bonde fra Vestlien. Presten gikk bort til han og sa: (Denne skal du ha fordi du har stjålet tømmer i prestegårdens skog, sa han og ga bonden en under øret så han stod på hodet i snefonna, Da er det bøndene bestemte sig til å klage til departementet over presten. Han fikk da en yngre bror av Asle som også heitte Asle d.y. og var jurist, til å skrive klagen men å pirke på en embedsmann i den tiden ble selvfølgelig fiasko og Asle broren ble redd og rømte til Amerika. Da Asle siden en gang traff presten på Sundre spurte presten om han vilje bygge en båt til han. «Men du er vel ikke videre bli på mig etter det som hendte med broren din», sa han. «Jeg har ikke noe imot presten jeg, det som ergrer mig er at jeg hadde en reddhare til bror», svarte Asle, «men prest er det siste du skulle vert».

Asle var merkelig nok sterkt interessert i kristendom og leste daglig i bibelen og andre religiøse skrifter og alle de visdomsordene han kunne komme med var bygget på «skriften». For de såkalte «gudelige» som hvis de ikke hadde rent mel i posen var han en sann skrekk. Han uttalte sig aldrig om folk «på baken, det han fant à måtte si til noen fikk de direkte.

Torleiv Perstølen har skrive ned ein del hermu o.a. etter Asle Øyno:
«Asle var på Skattebøl ein gang. Svallet gjekk um gjestebodsturing og speling og slikt. Han Asle nemde kva’n hadde tent med fela ved det og det høve. «Ja, -det var rart du ikkje vart rik», sa’n Tolleiv Skattebøl, «Eg eg var rik nok fyrr, eg» svara’n Asle.
Ein gong var hen Asle på ein gard i Breiegrendi og bygde båt. Han var båtbyggjar og. Han hadde halla seg burt på sengi til å kvile etter dugurden. Kjerringi mol kaffi og ordna til kaffikjelen. Dei skulde ha kaffi etter kvilen. Han Asle likte nok sterk kaffi. «Veit du kva eg sa ved ho Birigt Strand då eg var der og bygde båt» san han. Nei, det kunne ho inkje vita. «Jau, eg sa det at fer eg god kaffi so byggjer eg god båt, og elles so fjuskar eg». So la han Asle seg til å «sova». Men då var kjerringi burt og mol på kjelen ein gong til».

Om dei religiøse og Asle Øyno skriv Torleiv Perstølen:
«Ein gong var han Asøe og ein til i båt ut på Stranda-fjorden. Han Asle hadde fela og sat spela. Då kom det ein ut på ein odde til å rope til dei um kor syndigt og fælt det var å spela. «Religiøse folk er det verste pakk eg veit», sa han Asle».

So fortel Torleiv Perstølen: «Ein gong var han iflg Perstølen med i eit lite lag på ein plass i Granhaga. «Då dei varre idug med bordseta hadde dei mest snugga av med all mat på bordet. Då letta’n litt på seg han Asle og let gå ut ein blåster. «Der det kjem noko inn må det noko ut», sa’n». Straks etter han Knut, sonen hans, hadde gifta seg med Kari kom han Asle til Stave ein gong. Dei var av same folket han og hans Lars Stave. «Koss likar du den nye kjerringi då» sa’n Lars. «Å jau, – det er no so, – det er ikkji so greidt å koma frå eit stort kjøken og ååt Øyno», svara’n Asle. Ho Kari hadde tent på ein av storste gardane i bygdi fytt ho var gift».

«Han Asle Øyno var ogso ein som «drivst av tonar». Det hende han stod upp att um natti og tok fela. «Han stod i sengi og spela», hermer dei etter kona hans», fortel Perstølen.

Torleiv Perstølen fortel litt til um Asle Øyno:
«Det var då han Tolleiv Strand og ho Birgit gifte seg. Han Asle Øyno var spelemann. Andre gjestebodsdagen var han Asle gjenge med i lofte vilde sova ein ein dubb. So kom han Gudbrand Østen ruslande åt gjestebodsgarden. Østen var ein kjend spelemann utantil Nesgjeld. Han Gudbrand fikk skjenk, det var vanleg der han gjikk etter, – og so var det nokon som fikk han med åt lofte. Der fikk han tak i fela hans Asle, og til åå spela. Då var det ikkje lenge fyrr han Asle gaga upp med skallen og drog handbaken under nasen og snufsa. Det var eit tak han hadde so mykji detta. –Han var so fæææææl til å snuse i nasen».

På Strand var slikt eit spelemannsreir i gamal tid, skriv Torleiv Perstølen vidare. «Asle-Knut i Aslegarden, og så var det Asle Strond i Nigarden. Og so var det gutane i Nigarden han Ola og han Torleiv. Det er ein god gamal lått som ber namnet «AsleKnut» den dag i dag. Likeins ein som heiter «Asle Strond». «Asle Strand» var beste låtten han Asle, bror min, spela. Eg trur han hadde lært han av O.A. Strand. «Asle-Knut» spela far min mykji på fløyte».

Asle Øyno vanka nok mykji på Strand, tror Troeliv Perstølen, «og speling vart det. Men han Asle Strand likte berre so måteleg på han Asle Øyno, er det sagt. Ein gong han Asle Øyno hadde spela ein slått sa han sjølv» Eg trur mest det felar eit vek her». «Kanskje det felar lite meir—-« sa han Asle Strond og drog so på det. Han var so blidmælt og taug i talen».

Om Silde-Per og Asle Øyno fortel Torleiv Perstølen: «På Asle Øyno’s tid var det ein lærdøl som for her i bygderne og selde sild. Han heitte Per, og so kalla dei han Silde- Per. Han var god spelemann. Han tok jamt inn i nigare på sundre. Han hadde jamt fele med, og det vart speling. Men han var so levande redd for å lære frå seg låttar. Han Asdle Øyno var etter han og vilde lære, men det fanst i kje råd. Ein gong han kom att og tok inn i nigarden på suyndre hadde dei bod han til Asle Øyno. Han kom og løynde seg ut i eit anna rom. Der sat han og lydde med han Per spela. Då lærde han ein lått av han. Låtten går på nedstilt bas, ein springlått. Han kalla låtten «Silde-Per». Det namnet har låtten enno. Neste gong han Silde-Per kom att møttest dei Nigare han Asle Øyno og han. Då let han Asle låtten han hadde stole av han året fyrr. Men då vart han Silde-Per so sinna dei fikk han aldri til å ta i fela sidan».

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s