Skåren – Knut Knutsson Skåro 12.03. 1822—1894

Knut Knutsson Skåro 12.03. 1822—1894, Skåren
Foreldre: Knut Holgesson Skøro, Hol og Haldis Knutsdtr. Skottebøl.
Gm Anne Sveinsdtr. Sundbrei Grøvo 13.03. 1816—1862
Foreldre: Svein Syversson Sundbrei og Margit Knutsdtr. Skottebøl.
Gm Ingebjørg Olsdtr. Satalien 16.09. 1845—
Foreldre: Ola Arnesson Svartedalen og Guri Olsdtr. Satalien. Knut og Anne gifte seg i 1849, og overtok farsgarden hans på nordre Skøro i Sudndalen i Hol i 1857. Men Knut var nok flinkare spelemann enn bonde, skriv Reinton. Då det gjekk ut med han på Skøro, kom han til Ål og budde i Grøvo frå 1860. Knut fekk eit barn med ei Guri Olsdtr. Haugestugun: Guri 1849— gm Knut Sjursson Nesbø, Aurland. Han var skomakar og husmann i Grøvo. Men han vart utkasta derifrå pga. av manglande leigeavgift. Det blir fortalt at då lensmannen kom for å kaste han ut, då sette Skøren seg på ein stein og let på fela. Deretter fekk han tak i eit eldhus som han sette opp borti eit hovda i skogen. Det vart “Skåra-stugu”, det var ingen plass, berre ei stugu med ein liten potetåker i Sataskogen nær ved Hovda og Satalien. (Sjå “Den gamle garden” av Lars Opsata.) I 1875 vart Knut attgift med Ingeborg Olsdtr.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s