Kitil Olsson Ulshaga Skardet Lien 20.04. 1855—1924

Foreldre: Ola Olsson Hansebråten Ulshagaskardet og Karoline Ankersdtr. RichterUlshagaskardet. Gm Birgit Bjørnsdtr. Lappegard Lien 17.11. 1851—1943
Kitil var småbrukar, snikkar og tømmermann. Det vart fortalt at han spytta ned langs
veggen når han dreiv og lafta, i staden for å bruke vater eller lodd.
Kitil var flink med hendene, og noko av ein oppfinnar. Han laga ei symaskin tilsekkesying. På sine gamle dagar laga han stuguklokke med urverk, men plundra mykje med urverket. Det gjekk anten for fort eller for sakte.

Kittil Lien var spelemann. Olav Sataslåtten lærtde låtten Rustemannlåtten etter han. Torleiv Perstølen skriv følgjande om Kittil Lien: «Han var bror åt Lars Skalet. Han var ogso snidkar og spelemann. Men han spela mest heime til husbruk. Eg hev høyrt ei herme etter han. «Ein må låte med full fela fyrr det vert noko mål i ho». Og det hadde’n visst noko rett i. Det var ein som freista seg med so mangt. Ein sumar laga han til ei vindmylne. Han vilde ha ho til å dra slipestien for seg. Men då vindflagone kom att so gjekk det so rivande fort at han vågar seg ikkji burt åt stein med ljåen.

I følge Torleiv Perstølen var han smed og. Han arbeidde ei tid i smia hjå O.A. Strand. Med han var der laga han ei symaskin. Då han hadde ho reidug dreiv han ho med vatskraft so ho skulde rymmast i lagri. Det gjekk ann å sy på ho og». «Kittil er lenge sidan død» skriv Perstølen. «Son hans, han Ola Lien, er spelemann. Han spelar både i gjestebod og andre samvære i sin ungdom. Men no hev han visst slutta spela. «Det er ikkji noko vera spelemann etter no, det er slutt på dansen», herma dei etter han».

Spelemannen Kitil Olsson Ulshaga Skardet Lien fra Ål (1855—1924) som vi ser med familien på dette bildet, ville trolig vært glemt i dag om det ikke var for at han ga «Rustemannlåtten» videre til Olav Sataslåtten. I følge Ingebjør Sørbøens oppgave ved Ole Bull-akademiet skal ha ha lært denne låtten i 1905. Vi har dessverre ikke nærmere opplysninger om hvem som lærte låtten der i Ridalen, og når det hendte.

I et udatert brev fra spelemannen Aslak Sandestølen til Arne Bjørndal forteller Sandestølen at han lærte spel av Kittil Lien. Lien var tremenning til Sandestølens far.
Sandestølen er interessant ikke bare fordi han har lagd Hallingdals eneste lyarlått, Heimhaugen, så vakkert tolket av mange av de største utøverne i dag. Han er også interessant fordi han traderte et knippe helt ukjente låtter som More-Eilev, Kulufossen og Moreguten. Moreguten er oppkalt etter Ola Knutsson Granhagen Morehaugen (1824—1873). I august 1873 ville Ola setja nye strenger på fela si. Men båten kantra då Ola skulle ro over fjorden til felespelaren Asle Øyno. Ola drukna, men fela heldt han fast i hendene. Spesielt interessant blir det fordi Kittil Lien var barnebarn av den mytiske spelemannen Anker Richter fra Ål. Anker Richter var fødd i 1797, altso 4 år etter storspelemannen Asle-Knut Strand. Anker var ein god spelemann. Asle Øyno skal ha lært låttar av han. Spelet til Asle likna meir på spelet til Anker enn til Asle-Knut. Asle-Knut spelte meir «kretandes» — utkrota. «Detta var ein Anker-lått», kunne Asle Øyno sea.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s