Lars Olsson Ulshaga Skardet 1863—1936

Ug. Lars var snikkar og bygde seg hus på Minnehøgda på Sundre. Her hadde hansnikkarverkstad. Han hadde også trevarefabrikk ved Ål stasjon. Lars Skardet var ein god spelemann. I eit gjestebod på Veslegard dansa dei friskt til utpå morgonsida, men då trødde spelemannen brokk på seg og måtte sendast på sjukehus. Lars laga nokre feler som Aslak Sandestølen rosa. (Oppl. v/N. Gjeldokk) Lars interesserte seg for nye tankar i tida, og var ein av dei fyrste sosialistane i bygda.

I følge Torleiv Perstølen var han «son åt Skards-skreddaren og fødd i Skalet(Skardet) ova Ulshagen i Ål. Han bygde seg hus på Sundre og dreiv som snidkar. Han var spelemann og. Han var mykji nytta i vanlege dansar og det råkte han spela i gjestebod og. Med han var ung og stræva med å lære spela låg han ofte drag seg attmed røysane med fela, fortalde’n. Han arbeidde felor og. Fela han brukte lengste tidi hadde han laga sjølv. På sine gamle dagar fekk han seg felor som andre hadde laga. Men det var eit unødigt byte. For ho let nok fullt so godt den fela han hadde laga sjølv».

Han var ogso i følge Torleiv Perstølen «ein som «drivst av tonar». Han var lauskar og han kunna sitja mo åleine kveldar og helgedagar og spela. O. Dekko fortalde meg han kom frå kræmaren ein kveld. Då han kom til huset hans Lars Skalet høyrte han fela let. Den låtten vart leten so godt at han totte aldri han hadde høyrt han vart leten betre. Han gjekk inn, og då sat han Lars der i myrkret heilt åleine og spela. Eg vart sitjande der til langt på natt, fortalde Dekken».

«Den tid eg budde på Sundre», fortel Perstølen, «sat eg ofte hjå han Lars og lydde på spelet hans. Han var aldri fråbeden. Han likte å spela. Han prilla so fint låttane, men han hadde kanskje litt kort boge. Han hadde liksom si eigi rytme i spelet. Det var sume tid at bogen liksom ikkji vilde slippe ein tone, men drog han ut i det lengste. Eg trur ikkji han var noko sers god å danse etter. Han fortalde det hadde vore ein framman kar hjå han ein gong og vilde få skrivd upp låttar. Han kom ikkji på namnet hans. «Det råkte han stogga meg midt i eit vek og spurde: Kva var det du hadde der?, fortalde Lars og lo. Han var med på fleire lokale kappleikar og fekk premi».

Då han var på eksis råka han i følge Torleiv Perstølen saman med «Beitohaugen frå Valdres. Hallingane og valdrisane ekserte i lag på Helgelandsmoen den tidi. Ein kveld han Lars kom att etter ein tur fekk han høyre slik felelot inne i teltet. Då var Beitohaugen kome der og sat let påå fela hans Lars. Han lærde ein lått av han som han kalla Beitohaugen. Det er ein sermerkt lått. Det er som du sit ved ei elv og ser og høyrer på fløbylgjen dei brusar upp, slær mot steingøtet og sig attende over noko fint småsilder etter seg. Ei ny bylgje bårar upp, brytast mot steinanen, sig attende med det same sildret etter seg».

Perstølen fortel vidare: ««Eg let i eit samvere i Rimejorde ein gong» fortel han Lars. «So var han med der han Ola Vangji (O.A. Strand). Han (Strand) hadde funge litt i toppen so han var i humør. So let eg ho Kristi Vangji. Då eg slutta låtten kom han Ola burt til meg og sa: «Å nei kor moro det skulde vera å få lære deg ho Kristi Vangji He he he» san Lars då’n fortalde dettte. Då han Lars vart eldre levde han som pentionist, roleg og godt. Då var det fela som var selskapet og hyggen hans. Han døydde for mange år sidan».

Håkon Ulshagen skriver i boka «Gamle Sundre» at «i førstninga av 1890-åra kjøpte Lars O. Skardet, ein av sønene til Ola Olson Hansebråten (Skardskraddaren) eit lite jordstykke av Fredriksminde, brn. 57. Overdraginga vart tinglyst 22/11 1893. Broren Kitil (Lien) var tømmermann, og han hjelpte Lars med å få opp ei lita stove på tomta, og så tok Lars til som snikkar. Størst romet vart verkstad, og sjølv budde han i ein knøttliten kleve med eit gangrom frammafor. Lars hadde sume tider læregutar med seg, ein av desse var Ola Larsson Lappegard d. y, han budde saman med Lars, og dei måtte dele seng fordi plassen var så liten. Så bar det slik til at Ola ikkje fekk sova, for dei var ikkje åleine i senga desse to, det krydde av mindre skapningar. Til slutt fekk han tak i ein god ladning sabadillefrø, og då Lars hadde sovna ein kveld, strødde han frø i senga, på Lars og på kleda hans. Det var betre med sovinga.

Som fleire i slekta, var Lars spelemann og spelta ofte til dans. Han var mykje nytta i Nordbygda. Heime hjå han samlast det ofte folk om kveldane både for å høyra spelet hans og for å få ein prat.

Han interesserte seg for dei nye tankane i tida, og han var ein dei første sosialistane i bygda. Litt etter 1900 utvida han huset sitt. Det kom eit tilbygg mot aust og ei høgd nummer to. Så vart snikkarromet flytta opp i andre høgda. Sjølv følgde han med og budde ved sida av verkstaden. Trappeoppgangen i tilbygget var svært trong, difor laga han dør ut i lause lufta frå snikkarromet, her tok han inn materialar og ut ferdige ting.
Etter ombygginga kunne han leiga ut deler av huset, og mange har haldi til der gjennom åra. Lenge var jordmor Gjertrud Larsgård med familie leigebuar. Brordottera til Lars Margit Lien hadde systugu i austre delen av huset, og tok også mot elevar. Då Lars slutta som handverkar, vart verkstaden delt opp og sett i stand som bustad saman med eit anna rom.

Lars Skalet døde i trettiåra, og no overtok målaren Aslak Sandestølen huset saman med fetteren sin Kristian Sandestølen. Dei delte første høgda mellom seg og leigde bort resten. Aslak vart eineeigar då Kristian døde, og budde der til han hausten 1957 flytte til fødestaden sin etterat han hadde bygt seg hus her. Sidan då har Thora og Oskar Nyhus eigt buset. Dei har bygt det om noko».

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s