Myreguten – Ola Jensson Skansen Kanafetmyro -1817—1904

Foreldre: Jens Kristensson Myre, Nes og Kari Helgesdtr. Eidsgard, Gol.
Gm Kirsti Syversdtr. Sundre Kanafetmyro 16.11. 1825—1889, Foreldre: Syver Trondsson Steinmoen (Nes) Sundre og Jørand Levorsdtr. Gretegarden Sundre. Ola og Kirsti gifte seg i 1849. Dei hadde ein son Ola som døydde seks månader gamal. Ola vart kalla Myreguten. Han var bonde, spelemann og tambur. Det finst fleire slåttestev som Ola laga. Døme:
“Å kor moro det var å leva — då me hadde på buttello.
Men anna fær jentene veta, når vogga begynner å gå.”
I unge år budde han i Tunhovd. Under dei religiøse vekkingane sist på 1800-talet vartspelemennene bedne om å slutte å spela til dans. Myre-guten ville ikkje det. Han skreiv då eit vers på feleskrinet: “Her er en felehytte, mange tror den er til liten Nytte. Man kan dog sige hvad man vil, Jeg vandrer ærlig med mit Spil.”  Spelemannsløn kunne vera så mangt. Ein hjulstol som står på Hagastølen, fekk Ola i løn då han hadde spelt i eit bryllaup i Skurdalen. Ola sat gjerne og spelte på danseplassen på Hovda. Han kunne også gå etter vegen og slå på tromme, då var det gjerne ei rove av “småfant” som marsjerte bak. Myreguten var ivrig bjørnejeger og sette opp gildre (sjølvskot) med åte til bjørnen. Ein gong han stod på farten til speling i Dagali, kom det melding om at no låg det ein daud bjørn i Ridalen. Då gjekk Myreguten om Ridalen og flådde bjørnen, på veg til Dagali! Ola spelte så lenge han var god til. På sine gamle dagar sa han: “Dei likar ikkje heime at eg driv med fela, eg som er så gamal. Men eg kan no tenkji på mi siste reis lell eg, om eg leikar meg med fela!”

I hemsedølingen Hans Flatens nedtegnelser av eldre historier frå Hemsedal, finner vi beretninger om flere av de store spelemennene frå Valdres, Gol og Nes som gjestet Hallingdal. Han skriver følgende om Myreguten:
«An Eivin sy garde i Grøndale tok gjifte si paa Trøym han. Lage deiris va paa Trøym. Følke mitt voro dær o e mæ. 0 n Paal Hulebak o Myreguten ifraa Kanafetmyro vesta Søndo i Aal voro spelemænna dær. Myreguten va hit i bygden øftare mæ som spelemann. Daa Myreguten gjikk ut, tok øn Paal fela o stæmde o arelein, han spelte gamlare laatta».

Håkon Ulshagen skriver i boka «Gamle Sundre: «I Grethestova fekk ein gamal slått eingong nytt namn, dette gjekk slik til: Ola Jensson Myro, Myreguten som han vart kalla avdi han kom til å bu på Kanafetmyrane, var født i Gol, men voks opp på Nes, Han vart gift med Kristi Syversdotter Sundre, og medan han fridde til henne, sat han ofte og spelte i Grethestugun om kveldane, han var ein svært flink spelemann. Ein kveld han var der, kom Jørand Sundre inn frå fjøset. Ho hadde ei skinntrøye på seg, og med det same ho kom innom døra, sette Myreguten i med ein slått. Ein av karane spratt opp, greip Jørand og til å danse. Etter denne hendinga vart slåtten kaIla Skinntrøya».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s