Ola Aslesson Øyno 1861—1930

O.A. Øino. G 1898 m Margit Tolleivsdtr. Strand.
Gm Astrid Mikkelsdtr. Noss.
Ola var landhandlar i Larsgarden Sundre.

Håkon Ulshagen skriver i «Gamle Sundre at de var Ola Asleson Øino (O. A. Øino) som «sette opp dei to bygningane som står ved Larsgardtunet i dag. Han hadde vori i Amerika der han ei tid dreiv handel. Då han kom heimatt, vart han gift med Margit Tolleivsdotter Strand og budde ei tid på farsgarden hennar. Då han tok til med handel i Urholtbua på Sundre, budde huslyden først i den gamle Tingstugu.

Ukshagen skriver videre at i 1908 (?) kjøpte Øino farsgarden av Ola Holgeson. Han reiv dei gamle husa og bygde nye. Svogeren Lars Pletten fekk overta gamlestugu som han sette oppatt på Bruvollen ved Vangebrua, her stod huset til i 1976.
Tømmeret frå den gamle låven i Larsgarden vart kantskori og brukt som byggevyrke i det tohøgda våningshuset som Øino sette opp omlag der stova hadde stått før. Dei nye uthusa fekk plass der brannstasjonen no står. Øino tok vare på det gamle loftet som fekk plass i bakken nord for det nye våningshuset. Loftet er no rivi og selt.

Øinohuslyden budde iflg Ulshagen «no i første høgda av bygningen i farsgarden, andre høgda vart hotell. Her fekk handelsreisande og andre bu. Sidan sette Øino opp ein ny bygning på nordsida av tunet, huset som har vorti kalla Preinsrudbygningen etter han som sidan kjøpte det. Då Kristian Urholt slutta som skysskaffar, overtok Øino skysstasjonen på Sundre. Eg hugsar at både dottera Liv og sonen Leif sume tide var ute med skysshest. I 1917 kjøpte Øino saman med Ola Ødelien frå Nordbygda UrhoItgarden og gjekk i gang med handel i Urholtbua der førstnemnde hadde starta forretning den gong han flytte til Sundre. Men alt året etter tok Aksel Urholt att garden på odel. No selde Øino Larsgarden til Ødelien og flytte sjølv til Oppegård. –

Siste bygningen som kjøpmann Øino sette opp Preinsrudhuset har vori nytta til så mangt, forteller Ulshagen. Under første verdskrigen heldt provianteringsrådet til der. Då Ål Samvirkelag vart skipa i 1920, vart første høgda butikk i nokre år. Også andre høgda vart ei tid nytta slik, brørne Ola og Sevet Sataøen hadde verkstad og butikk der før dei flytte til Skrienhuset. Då Preinsrud vart eigar i førstninga av tjugeåra, leigde han bort andre høgda som bustad og budde sjølv nede» skriver Ulshagen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s