Ola Aslesson Strand 1859—1945. Ola Strand Vangen

Foreldre: Asle Tolleivsson Halvorsgarden Strand og Sigrid Tolleivsdtr. Bjella.
Asle Tolleivsson Strand 14.11. 1809—1889
Foreldre: Tolleiv Knutsson Skottebøl Halvorsgarden Strand og Anne Aslesdtr. Stave.
Gm Sigrid Tolleivsdtr. Bjella Strand 16.01. 1814—1887
Foreldre: Tolleiv Larsson Bjella og Ingeborg Kitilsdtr. Liverud (Uvdal).
Ola A Strand var gift med Guro Steinsdtr. Øvremyro Strand 30.08. 1864—1912
Foreldre: Stein Steensson Øvremyro og Anne Sveinsdtr. nordre Sletto, Hol.

Ola og broren Tolleiv d.y. var fyrst i Oslo og lærde om mekanikk. Deretter vart det nokre år i Amerika frå 1881. Ola kjøpte med seg den fyrste maskinhamaren i landet (driven med vasskraft), og bygde Vangesmia då han kom heim att. Frå Telemark henta han ljåsmeden Hans Kåsalien. Det var opptil fem mann i arbeid i smia. Det viste seg å vera vanskeleg å konkurrere med ljåsmedane i Hol. Men Vangeplogane fekk eit svært godt ry. Dessutan smidde han hestehelder. Etter kvart kom ljåsmedane i Tinn til Ål for å lære maskinsmiing. I 1889 fekk Ola 300 kr i stipend frå Industridepartementet for å reise til den internasjonale utstillinga for “Kunst, Agerbrug og Industri” i Paris.

I 1896 selde Ola frå langstølen på Rødungen, og i 1900 vart Rimeberget frådelt. Jakt- og
fiskerett vart fråseld til Randen i 1906.
Ola Aslesson vart beskriven slik i 1900: “Mekanikus. Eier og arbeider ved ljåfabrik for
egen regning, gaardbruger.” Vidare hadde Ola kverna i Ylifossen o.a., og fiskeoppdrett (klekkjeri ved olla oppe i Rimehagane). I 1900 delte Ola frå Bergo, bnr. 32 til Lars Bråten. Ei gamal loftsstugu har truleg fylgt med på kjøpet.

I 1903 brann smia og heile lageret. Ingen ting var forsikra, og Ola var ruinert. Han tok då
to år i Amerika att for å koma seg på fote økonomisk. Heime sat kona med åtte barn og venta. Ola kom heim då Ylifossen kunne seljast. Ola var også ein god spelemann og fotograf. I 1907 kjøpte han fotoapparat hjå pastor Opsata, som var heim att ein tur frå Am. Ola (delvis også sonen Steen) fotograferte mykje både frå rallarlivet og bygginga av Bergensbanen, og noko frå bygdeliv elles. Samlinga er no i Bygdearkivet.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s