Ola Amundsson Dekko 27.06. 1858—195 Dekken, Store-Dekken

Foreldre: Amund Olsson Perplass Dekko og Rønnaug Knutsdtr. Dekko.
Gm Marte Eiriksdtr. Medhushaugen Dekko 02.01. 1857—1888
Foreldre: Eirik Tolleivsson Rudningen Mehushaugen og Helga Sveinsdtr. Gunhildgard.
Gm Kristi Botolvsdtr. Espegard Dekko 22.04. 1856—1940
Foreldre: Botolv Embriksson Espegard og Liv Tolleivsdtr. Bjella.
Ola og Marte gifte seg i 1884. Ola vart attgift i 1891 med Kristi. Han vart kalla “Dekken”.
Dekken var ein namngjeten spelemann i heile Hallingdal, og var mykje nytta. Han var
snøggtenkt og ordhitten, og har fått eit av musikkroma i kulturhuset oppkalla etter seg
Ola heldt stundom dugnad for å få meir jord i Dekko, gjerne i form av steindraging om
vintrane. Då kunna det ramle godt på røysane i Dekko, og mykje stein vart flytt på ein dag. Etterpå fekk ungdomen danse medan Dekken let på fela.
Barn: Knut Olsson Dekko Myro 29.12. 1885—1964 og Botolv Olsson Dekko 13.11. 1897—1973.

«90 år. Ola Amundsen Dekko. Ein liten prat med 90-åringen». Først trykket i Hallingdølen 01. juli 1948

— Er det sant du er 90 år i morgen?
— Ja, dei seier eg er fødd den 27.juni 1858, og då kan du rekne etter.
— Har du vore her all din dag?
— Ja, eg var den eldste av 5 gutar, og difor vart eg verande her. No lever me att berre den yngste, han Åmund, og eg.
— Kor gamal var du då tok til aa
klunke på fela?
Eg var 14 år, vel. Den fyrste fela kjøpte eg hjå Aslag Toen for 12 skjelling. Men so var det no kje rare fela heller.
– Du fekk deg vel snart ei betre ?
— Ja, han Ole Hågensen gjorde felor. Men hadde eg ikkje noko aa kjøpe for. Jau, der var eg so heldig at eg vann ei dragkiste på ein basar, og den selde eg att, og for dei pengane kjøpte eg ei fele hjå Hågensen.
— Du kom vel til å ha lenge den
fela daa?
— Ja, men eg fekk meg ei som var betre, og den hadde eg lenger. Han Knut Myro, son min, har ho no.
— Har du kje ein slått som du
kallar «Krullafuru»?
— Jau, den lærde eg av ein nesning, Tor Viken, heitte han. Eg høyrde han var oppover, og so råka eg han, og sa at han laut koma opp til meg. Han kom, og me sat heile natta mest, og eg lærde mange slåttar av han.
— Har du namn på fleire av slåt-
tane dine?
— Ja, eg har ein eg kallar «Gofaslåtten». Den spela han godfar min, Knut Juven, då han var nærpå 70 år.
-Det har vore fleire spelemenn i ætta di då?
— Ja, det har det vore både på far- og morsida.
– Har du tal på kor mange bryl-
laup du har spela i?
— Nei, det har eg no ikkje akkurat. Men eg veit det er mellom 2 og 300.
— Kor mykje kunde du tene i slike lag ?
— Å, det var ikkje mykje. Det hende eg hadde kji meir enn 2-3 kroner. Jau, eg hadde no meir med. Eg hadde rekning pa det ein gong, eg hadde spela i noko mange lag, og då var det 10 kroner, jamtover, so eg sa me hadde likt eg og presten, for han hadde visst 10 kroner for å vigi eit par, den gongen.
— Men andre selskap du har spela i har du vel ikkje tal på?
— Nei, det har eg ikkje. Det var ein sumar det var so mange gjentegjestebod, me kalla, at sundagane nådde ikkje til, anna det vart i sykna og. Då heldt eg på og ikkje fekk onna dette vesle bruket, berre for di.
— Du hadde vei lært spela av
Fossegrimen du ?
— Ja, me kvema burtåt fossen her ned ved Sataøyn, eg og han Eivin Berget ein gong. Men
han Eivin lærde no ingen ting, og det var vel kje stort eg lærde eg
heller.
-Spelar du noko no då, so kanskje eg kunde få høyra ein klunk?
— Nei, eg har ikkje havt fele dei
siste 30 åra.
— Kor mange er det av borna dine som spelar då?
Det er no han Knut då, å ja, han Botolv med lite.
— No sit du her i denne fine stova di og lever på minni då ?
— Ja, eg bygde denne stugu då eg selde bruket til han Botolv. Ho vart liten, men eg hogde og alt timbreret sjølv, og so tykte eg stokkane var tunge om dei var so långe.
-Takk for samråda då, Ole.Eg kjem att i morgon.
Eg ynskjer signing over huslyden din.
L.G

13. og 14. juni 1936 deltar han på kappleiken på Torpo.

«Det var ein vestanfor her dei kalla Braata-Per, Han var hite her ofto og skrapa paa denne fillefela mi. Og eg totte det var det finaste eg hadde høyrt. Og eg ynskte berre at eg maatte verta so god til aa laate som han. Men so var det ikkje so lenge før eg totte eg fekk det likso godt til sjølv.» Ola Dekko til Ola Perstølen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s