Ola Olsson Strand 1870–1946

Foreldre: Ola Larsson Larsstugu Strand og Ragnhild Olsdtr. Reinton (Hol).Gm Ambjørg Embriksdtr. Sorteberg Strand 09.12. 1878–1956 Ola var i yngre år korporal og handelsbetjent, og budde på Sundre. Han åpnet krambu på Sundre og siden forsikringskontor heime på Stein (huset i Gamlevegen). Sidan slutta han som kjøpmann, og var revisor og likningssekretær. Han spelte på lur og prillarhorn og fele. Var æresmedlem i idrettslaget, mannskoret og skyttarlaget.

Håkon Ulshagen skriver i boka «Gamle Sundre» at Ola O. Strand (Larsstugu) var krambukar hjå Svarteberg, og vart gift med dotter hans. Han tok over Stein då svigerfaren like etter hundreårsskiftet gjekk i gang med handel i Votndalen. Strand og svogeren hans, Anders A. Hefte, heldt også fram med krambua. Det var Strand som bygde om stova på Stein til ein tohøgda bygning. Også no var det ei eldre hallingstove som vart brukt. Dette kan ein sjå i trappeoppgangen, her følgjest ikkje veggane i første og andre høgda heilt. Dei tre sidene av huset som var synlege frå vegen, vart bordkledde og huset fekk tre blindglas. Baksida av huset vart kledd då den nye vegen gjennom tettbyggstroket kom i midten av tjueåra. Strand sette også opp eit tohøgda inngangsparti mot vegen og det kom dobbeltdører ut på denne verandaen både frå første og andre høgda. Tilbygget hadde vegger med små farga glasruter både mot aust og vest. Dette skilde huset ut frå alle andre i Sundregeilo. Etterat folket Stein vart gamle, sat dei i varme sumarkveldar ofte ute i dette «glashuset»« og fekk seg då sume tider ein liten prat med grannar og andre som for framom.

Då Strand slutta med krambua, hadde han i mange år anna arbeid. Han var likningssekretær, og han representerte også lenge eit trygdelag. Kontoret sitt innreidde han i eit lite hus han sette opp på nordsida av vegen. Her hadde han også ei lita samling av gamle ting. I ungdomen hadde Strand vori noko av ein idrettsmann, m. a. skiløypar, han var også ivrig jeger. På sine eldre dagar var han med og skipa Ål mannskor og var ein av støttepilarane for laget. Ola og Ambjørg Strand hadde ei dotter Kari (Lalla) som vart gift til Ro i Gol. Ho døydde lenge før foreldra, og då desse fall frå, kjøpte Sander Tufte frå Hol huset på Stein. Han reiv den fine glasverandaen då han moderniserte huset noko.

Ola O Stand var en kilde til Olav Sataslåttens låttekunne. De to er avbildet sammen på et bilde fra 17. mai-toget på Sundre en gang før 1910.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s